Leie bil ? Slik unngår du den sure svie. - Gardermoen.no
old_banner
Leiebil

Leie bil ? Slik unngår du den sure svie.

Leie bil ? Slik unngår du den sure svie.

Men ferieidyllen kan få ein bråstopp dersom du ikkje les det med lita skrift, åtvarar Forbrukar Europa

I leigebil kan du reise kor du vil – heilt utan å bry deg om kvardagslege ting som avgangstider og stoppestader. Nokon hentar draumebilen hos ein velkjend utleigar i Brüssel, medan andre veljer ein rusten holk på ei gresk øy. Kirsti Pamhlett er fungerande leiar av Forbrukar Europa, og åtvarar dei som trur at det berre er å ha reiseforsikringa i orden.

Sparar seg til fant
– Nei, i motsetnad til kva mange trur, gjeld den normalt ikkje skadar på bil, avkreftar Kirsti Pamphlett. Heller ikkje forsikringa som er inkludert i prisen er tilstrekkeleg. – Den omfattar sjeldan medisinsk behandling eller reparasjonar. Så teikn tilleggsforsikring, sjølv om det kostar nokre kroner. Å droppe ho, kan vere å spare seg til fant.

Kva er det viktigaste å tenkje på før eg leigar bil i utlandet?
– Finn ut kva som er inkludert i prisen jamført med det du treng. Må du ha du barnesete? Må du hente bil utanom kontortid? Skal fleire kjøyre bilen? Jo betre du førebur deg, jo færre overraskingar får du i ettertid. Det er diverre ikkje mogleg å ta ferie frå uhell, og skulle dei hende, gjeld det å halde hovudet kaldt, seier Kirsti. Hennar råd er å kontakte utleigestaden med ei gong, og følgje rettleiinga derifrå.

– Så bør du vurdere å få kontaktinformasjon til involverte og vitne,
og eventuelt tilkalle politi dersom situasjonen tilseier det, held ho fram.

Betre føre var
– Mange betalar leigebilen med kredittkort, og nokon vert trekt for utgifter dei ikkje har avtale om.

Desse klagene topper statistikken, fortel Kirsti.

– Meiner du at det ikkje er rett, kan du ta kontakt med kredittkortselskapet,
for dette er ikkje lovleg, klarleggjer ho. Det løyser like fullt ikkje tvisten, og den einaste måten å unngå dette på, er å vere nøye ved utlevering og tilbakelevering av bilen. Ta bilete, og gå helst over bilen saman med utleigar. Vert det tvist, ta kontakt med Forbrukar Europa eller Forbrukarrådet for hjelp.

Eit siste råd er å setje seg inn i trafikkreglane der du skal kjøyre bil. – Ein del trur at dei kjem seg unna bøter i andre land, men mange er svært ihuga med å krevje inn over landegrensene. Og av omsyn til trafikktreyggleiken kan det vere greitt til dømes å sjekke kjøyreretninga i landet du er i, avsluttar Kirsti med eit smil.

Sjekkliste
•Pass på at du har den forsikringa du treng.
Ta deg tid til å lese lita skrift, og unngå doble forsikringar.

•Skaff dokumentasjon.
Ta bilete når du får bilen for å vise at ei eventuell skade var der frå før.
Sørg også for bilete ved innlevering for å vise at du ikke har skada bilen.
Gjer det samme dersom ein skade oppstår, så du ikkje vert lasta for meir enn du skal.

•Sjekk om det er lurt å kjøyre leigebilen heile vegen.
Det kan vere restriksjonar på å krysse landegrenser.
Kan hende du må, eller kjem betre ut, ved å leige ny bil ved grensa.

•Før uhellet er ute; sett deg inn i kva du i så fall skal gjere.
Utleigar har eigne rutiner, og faste verkstader.
Går du utanom desse, kan det koste deg dyrt.
•Planlegg kor langt du skal.
Du kan få mykje spenning av ta ting på sparket,
men køyrer du lengre enn avtalt, kan det bli for mykje av det gode.
Det kan nemleg koste.

•Spar der du kan.
Du kan knipe inn nokre kroner ved å levere bilen med full tank,
betale på førehand, og ikkje velje raskare bil enn du treng.
Er du under 25 år, bør du luke vekk selskap som tar ekstra betalt for alderen din.

•Sett deg inn i trafikkreglane der du er.
Hald deg til dømes til venstre i dei britiske landa. 😉

Les flere tips om leiebil på forbrukerrådet.no


Del:
  • googleplus
  • linkedin
  • tumblr
  • rss
  • pinterest
  • mail